Gå til hovedinnhold
7

Lag utkast til samfunnsdel

Ein god samfunnsdel treng ikkje vere omfattande, men vere tydeleg på dei overordna prioriterte områda og gi retning for handling.

Informasjon-ikon
Råd/tips
Paragraf-ikon
INNEHOLDER LOVKRAV

Korleis har andre kommunar gjort det?

Det finns ikkje ein fasit på korleis samsunnsdelen skal sjå ut, så kva kommune må finne ein modell som fungerer for seg.

  • Beiarn kommune sin samfunnsdel for 2020-2030 er eit svært kortfatta dokument, der mål og strategiske føringar kjem tydeleg fram. Samfunnsdelen summerer kort opp hovudutfordringane og fortrinna for kommunen. Vidare har planen tre hovudmål for samfunnsutviklinga, og 4 hovedsatsingsområde. Både måla og satsingsområda er overordna og går på tvers av sektor. Til slutt har samfunnsdelen ein kortfatta arealstrategi som viser kva føringar samfunnsdelen har for arealdelen og plan- og byggesaksforvaltning i kommunen.
  • Steigen kommune sin samfunnsdel for 2021-2033 viser tydeleg samanheng mellom overordna mål og korleis kvart mål skal bli følgt opp gjennom strategiske tilnærmingar. Planen har 5 tverrfaglege satsingsområder for planperioden. For kvart satsingsområde er det definert langsiktige mål - slik vil vi ha det. Under kvart mål ligg fleire strategiar for korleis kommunen skal jobbe - slik gjer vi det. I tillegg viser planen tydeleg kopling til bærekraftmåla. Plandokumentet har brukt noko meir plass på oppsummering av kunnskapsgrunnlaget.
  • Hitra kommune sin samfunnsdel 2014-2026 begynner med ei oppsummering over dei viktigaste funna i kunnskapsgrunnlaget. Desse er summert opp i korte tematiske kapittel som viser status for ei rekke samfunnsområder i kommunen. Så er det definert tre satsingsområder for samfunnsdelen. Kvart satsingsområde er overordna og har eit hovedmål som tar utgansgpunkt i innbyggaren sitt perspektiv; Hitra skal bli meir attraktivt som bustad, for bedrifter og for besøkande. For kvart av hovedmål er det definert 3-5 delmål som går meir inn på strategi for å nå målet. Og kvart delmål er skildra i fritekst.

Kilder

Chevron