Gå til hovedinnhold
6

Definer satsingsområde, strategiar og mål

Gjennom satsingsområde, mål og strategiar skal samfunnsdelen gje retning for samfunnsutviklinga i kommunen.

Informasjon-ikon
Råd/tips
Paragraf-ikon
INNEHOLDER LOVKRAV

Satsingsområde, mål og strategiar må spegle den politiske viljen i kommunen. Dei folkevalde bør difor vere tett på arbeidet med å utforme desse. Det er ein fordel for samfunnsdelen som styringsverktøy om dei folkevalde kan samle seg om mål og strategiar i så stor grad som mogleg, på tvers av partipolitiske skiljelinjer.

Korleis har andre kommunar gjort det? 

Det eksisterer ingen fasit på korleis målstrukturen skal sjå ut i samfunnsdelen til kommuneplanen. Kvar kommune må finne den forma som fungerer best for seg. Her er nokre eksempel på korleis andre kommunar har gjort det.

  • Samfunnsdelen til Luster kommune har 4 tverrfaglege og sektorovergripande satsingsområder. Kvart satsingsområde er brutt ned i Hovudmål og delmål. I tillegg har samfunnsdelen strategiar som viser korleis kommunen vil jobbe for å nå måla. Kommuneplanens handlingsdel for Luster kommune viser korleis måla frå samfunnsdelen er følgt opp gjennom strategiar, tiltak og investeringar.
  • Samfunnsdel for Hitra kommune har tre sektorovergripande satsingsområde som tek utgangspunkt i innbyggaren sitt perspektiv. Kvart satsingsområde har eit hovudmål og mellom 3-5 delmål som går meir inn på korleis kommunen skal jobbe for å nå målet. Kvart mål og delmål er skildra i tekst som forklarer meir inngåande kva kommunen vil oppnå og korleis ein vil gå fram.